Fagbladet
27.06.2022
Ein dag i veka får dei fri frå jobben for å studere. Slik sikrar den vesle Vestlands-kommunen seg kompetanse for framtida.
Dei har eitt mål for denne skuledagen: Alle studentane skal kjenne seg tryggare dersom dei ser ein pasient med hjartestans.
Undervisningslokalet på rådhuset i Kvam er fylt opp av hjartestartarar, livlause dokker og helsearbeidarar. I dag er det HLR, hjarte- og lungeredning, som står på timeplanen for studentane i Observasjons- og vurderingskompetanse i helsetenesta.
Janna Valland var ferdig utdanna helsefagarbeidar i 2009 og arbeider i ein bustad for menneske med utviklingshemming. Ho tykkjer dette fagskule-tilbodet er midt i blinken.
- Dei fleste utdanningstilboda handlar om eldre, men dette passar også for oss som arbeider med yngre menneske, seier ho.
Janne er ein av heile 26 helsefagarbeidarar og assistentar frå kommunen som byrja på denne vidareutdanninga i januar. Anna kvar veke møtes dei anten på nett eller her.
VIL LÆRE MEIR
Cisa Mohammed, med fast jobb i ein omsorgsbustad, tok fagbrev som helsefa
Gå til medietUndervisningslokalet på rådhuset i Kvam er fylt opp av hjartestartarar, livlause dokker og helsearbeidarar. I dag er det HLR, hjarte- og lungeredning, som står på timeplanen for studentane i Observasjons- og vurderingskompetanse i helsetenesta.