AddToAny

Fri til å forske

Fri til å forske
Endeleg slutt på alle plikter. Men pensjonistane forskar berre meir enn før.
Det er siste arbeidsdag for Diderik Lund. Han har alt rydda pulten sin på det store kontoret sitt med utsikt over Blindern. Bokhyllene får vente.

- Heldigvis får eg behalde kontoret mitt ut semesteret, så eg har god tid, seier økonomiprofessoren, som no går av etter 32 år på Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo (UiO).

Frå i dag er Lund ein fri mann: - Ja, no er det slutt på alle avtalar og plikter, bortsett frå at eg framleis skal vere rettleiar for ein masterstudent.

Så kva drøymer Lund om å finne på som pensjonist?

- Det er mykje ein kan gjere på fritida som eg ikkje har hatt tid til. Eg kjem nok til å reise ein del og vere meir på hytta. Men eg har også faglege interesser, så eg har lyst til å halde fram med å forske. Tidlegare har eg forska mykje på skatt og på skattlegging av oljeselskap, og innanfor feltet er det framleis mykje å forske på. I faget mitt kan ein forske utan store kostnader, for eg er ikkje avhengig av å kjøpe datamateriale.



Lettare å forske

- Men du har ikkje spurt kor gamal eg er? Eg er berre 63 år, og går av heilt frivillig med AFP, seier Lund. Han er nemleg ikkje ein typisk UiO-professor i så måte:

Av 174 professorar som gjekk av med pensjon ved UiO i perioden 2010-2016, gjekk 154 av i samband med at dei fylte 70 år. Berre 20 personar gjekk av med avtalefesta pensjon (AFP).

- Det er ulike personlege grunnar til at eg har valt å slutte, og eg har økonomi til det, seier Lund.

No vil han få tilbod om felleskontor saman med andre pensjonistar. Og han gler seg til uavbrotne dagar:

- Slik sett trur eg det blir lettare å forske no, fordi eg slepp å bli avbroten av andre plikter og gjeremål heile tida. Men eg veit jo ikkje om eg kjem til å forske meir enn før.

På eitt av dei tre «emerituskontora» sit Atle Seierstad, Yngve Willassen og Arne Strøm. Her er dataskjermar fulle av matematiske formlar, vitskaplege artiklar skal skrivast, og bøker skal publiserast.

Strøm har vore med på å redigere stadig nye utgåver av ei lærebok for økonomar: Essential Mathematics for Economic Analysis. På pulten Publiserer meir

På nabokontoret sit Erik Biørn og Finn Førsund.

Dei avgåtte professorane stod begge i jobb til dei var 70. Biørn er 72 og er nettopp ferdig med ei stor lærebok i økonometri for eit engelsk forlag.

- Eg forskar også på metodar for å kvantifisere realkapitalen i samfunnet, eit emne eg har vore oppteken av ganske lenge, seier han.

Som pensjonist produserer han i gjennomsnitt meir forsking enn han gjorde før.

- Når ein underviser, får ein ikkje samanhengande tid til å forske, men det får ein som pensjonist. Eg orkar ikkje å sitje oppe utover natta slik eg av og til gjorde før, men no kan eg jobbe samanhengande utan avbrott og retting av eksamensoppgåver. Alt i alt publiserer eg meir, sjølv om det varierer frå år til år. I fjor publiserte eg tre artiklar, seier Biørn.

Førsund fyller snart 73 år, og også han har like stor produksjon som tidlegare.

- Det blir ein eller to artiklar kvart år. Forskjellen er at no har eg tid til å jobbe mykje grundigare med forskinga. Så lenge eg hadde forelesingar, var det stort tidpress på begge oppgåvene, men no kan eg grave djupare, slik at sjølve forskinga vert betre.

Han har blant anna forska på effektivitet i offentleg sektor.

- I går fullførte eg eit paper om produktivitetsutviklinga ved norske universitet og høgskular. Det var eit oppdrag for Kunnskapsdepartementet, men vi som fekk oppdraget, hadde full fagleg fridom.

Saman med to medforfattarar har han skrive ein artikkel som nyleg vart akseptert i eit internasjonalt fagfellevurdert tidsskrift.

- Det som er artig for oss pensjonistar, er at instituttet får glede av dette i form av publiseringspoeng. Men sjølve får vi ikkje betalt, seier han.



- Har gode vilkår

Instituttleiar Steinar Holden seier publikasjonar utført av pensjonistar gjev inntekter til instituttet.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Education Internationals 10. verdenskongress ble avholdt 26. juli - 2. august i Buenos Aires.
Forskerforum 02.09.2024
Forskerforum 02.09.2024
Vi ønsker velkommen til vårt tradisjonsrike forskningspolitiske seminar, som i år arrangeres tirsdag 5. november på Hotel Bristol i Oslo.
Forskerforum 02.09.2024
Kommersiell gruvedrift til havs kan bli en ny næring. Kritikerne mener vi har forsket for lite på økosystemene i dyphavet.
Forskerforum 02.09.2024
• er landets største og ledende fag- og interesseorganisasjon for ansatte i forskning, høyere utdanning og kunnskapsformidling.
Forskerforum 02.09.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt