Khrono
20.10.2016
Fusjon. Administrerende direktør i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Randi Marie Sjøholt, svarar på kritikken frå seniorrådgjevar i Sogndal, Georg Arnestad.
I eit innlegg i Sogn Avis laurdag 8. oktober (òg publisert i Khrono) hevdar du at du har det svært travelt om dagen fordi du jobbar med fusjonen til den nye Høgskulen på Vestlandet.
Les merDu er kanskje ikkje så vant til å ha det travelt i og med at du poengterer det. Det som verre er, er at dine kollegaer ved Høgskulen i Sogn og Fjordane skal nærast ha hindra deg og dei andre som var for fusjonen i å ytra sine standpunkt. Stakkars deg, du har snakka med innestemme for det har vore så fælt å seia at du var for fusjonen.
Eg ser for meg at du har gått med tøflar og, for det gjer dei i Studentbarnehagen når dei er inne og leiker og då snakkar dei med innestemme. Eg har stor medkjensle med deg Georg for du er no av dei som vågar