BUSKAP
28.01.2022
Nå er alle sortane av timotei, engsvingel og raudkløver testa i same feltet.
Landsdekkande forsøksseriar med godkjende sortar av timotei, engsvingel og raudkløver vart starta i 2020 og 2021. Det er første gong at alle godkjende sortar i ein art for bruk i Norge er testa i same feltet. Målet er å finna kvar i landet dei ulike sortane er best eigna for dyrking. Forsøksseriane er i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Graminor.
Godkjenning av sortar (offisiell verdiprøving)
Norske og utanlandske sortar av ein art må gjennom ein nasjonal test før sorten kan bli godkjent for bruk i Norge. Overvintring og avling er dei viktigaste faktorane. Denne «offisielle verdiprøvinga» skjer i regi av Mattilsynet og blir gjennomført av NIBIO. I tillegg skal sortane gjennom ein test utanlands for å visa at sorten verkeleg er ein ny sort som kan skiljast frå alt godkjende sortar i Norge eller i andre land. Norsk verdiprøving kan sjåast på som ei kvalitetssikring av nye sortar som i første rekke er knytt til overvintringsforholda våre, og som vanskeleg let seg lesa ut av tilsvarande testing i andre land.
Kandidatsortane prøvde mot godkjende sortar
I verdiprøvinga blir kandidatsortane prøvde mot alt godkjende sortar, såkalla målesortar. På norsk offisiell sortsliste (sjå lenke nedst) er det no 12 godkjende sortar kvar av timotei og raudkløver og 16 engsvingelsortar. Av desse er det berre eit fåtal sortar som er frøformeira og i sal. Når sortar i testing blir samanlikna med de
Gå til medietGodkjenning av sortar (offisiell verdiprøving)