Magasinet for fagorganiserte
24.11.2021
Marthe Kaland (25) og Christine Lie (22) jobbar på Norges einaste McDonald's med tariffavtale. Kampen for ordna lønns- og arbeidsforhold var ikkje enkel.
BERGEN: I midten av oktober kunne restaurant-arbeidarane i Åsane juble for Norges einaste tariffavtale i hurtigmatkjeda. Forskjellen er at dei tilsette no har fleire rettar som er skrivne ned. Det forklarer fersk klubbleiar Marthe Kaland og nestleiar Christine Lie på McDonald's på Åsane Storsenter. Og dei fagorganiserte kan få hjelp frå både fagforeininga og forbundet.
- Eg føler sterkt på fellesskapet og det å ha nokon i ryggen. Det er fantastisk fint å tenke på, seier Kaland.
- Det er kanskje ikkje like lett å forstå kor viktig det er å vere fagorganisert før ein har opplevd dårlege arbeidsforhold og vore gjennom kampen.
DÅRLEGE ARBEIDSFORHOLD
Grunnen til at dei tilsette organiserte seg og kravde tariffavtale, var problema som oppstod då norske McDonald's tok over drifta av den franchisedrivne restauranten i Åsane på starten av fjoråret. Opningstida vart utvida til klokka 01, og restaurant-arbeidarane måtte ta over reinhaldet etter stengetid. Bemanninga og lønnskostnadene skulle dessutan vere lågast mogleg, opplevde tilsett
Les opprinnelig artikkel- Eg føler sterkt på fellesskapet og det å ha nokon i ryggen. Det er fantastisk fint å tenke på, seier Kaland.