BUSKAP
25.06.2021
Grunnlaget for neste laktasjon legg ein i sinperioden, så tenk gjerne på det som om neste laktasjon starta i det du avsina kua.
Målet for sintida er ei frisk ku med god fôropptakskapasitet etter kalving, nok råmjølk av god nok kvalitet og ein frisk og kvikk kalv. Ei normal sintid bør vera 7-8 veker. Påkjende kyr, til dømes der ein mistenkjer tvillingar, halte eller tynne kyr kan med fordel få noko lengre sintid.
Energibehov
I sintida er energibehovet gjerne 30-50 prosent av behovet til ei kyr i laktasjon, men fôropptakskapasiteten er om lag som før. Når ein avslutta laktasjonen bør holdet vera 3-3,5 poeng, og ein bør unngå holdendring i sintida. Det er difor naudsynt med ein eigen sinkurasjon
Gå til medietEnergibehov