BUSKAP
26.03.2021
Sjur Skjæret paktar garden av foreldra og satsar på den franske rasen Limousin i ny, funksjonell fjøs. Her er gode, gjennomtenkte løysingar, og det vert brukt mykje tid i fjøsen, noko som viser att med at dyra er rolige, tillitsfulle og lette å handtera.
Hausten 2018 flytta buskapen inn i ny fjøs med 36 liggjebåsar og 4 kalvingsbingar. Denne nye avdelinga er tilbygg til eksisterande båsfjøs frå 1982 der foreldra dreiv med mjølkeproduksjon fram til 2010. Nyeavdelinga har liggjebåsar med kalvegøyme langs ytterveggane og fôrbrett med fanghekk i midten. Her er gode mogelegheiter til gruppering av dyr. Det er lagt til rette for god dyreflyt og velferdstiltak som roterande kløkost på plass i begge storbingane på kvar side av fôrbrettet. Gamleavdelinga med båsar og bingar er planlagt ombygt neste år, og avdelinga vert no brukt til oppstalling av slaktedyr, kviger og avlsokse.
Vårkalving
Hovudtyngda av dyra kalvar i februar og mars.
- Ku og kalv får gå saman i kalvingsbingen så lenge dei har behov for det, så eg ser det litt an før eg slepper dei ut att i storbingen. Kalven må suga mjølk utan problem og begge må vera kvikke og raske, seier den unge bonden. I kalvingstida er det også viktig å skilja sinkyr frå nykalva kyr med kalvar, slik at ikkje kalvar tømmer jura på dyra som ikkje har kalva endå. Her er det lagt godt til rette f
Gå til medietVårkalving