- Ein kan ikkje klaga dersom ein ikkje røystar, seier Helena Haldorsen.
Saman med Sjur Selsvik har studenten i samanliknande politikk benka seg på eit av dei fremste borda.
- Me studentar har rett til å vera med på å bestemma kven som skal styra universitetet, legg ho til.
Om eksamen, honours-program og olje
Dei to studentane meiner det er skilnadar mellom dei to kandidatane. Tidlegare har det vore trekt fram at dei to valplattformene er ganske like, og debattleiar Sandra Krumsvik, som òg leiar Studentparlamentet ved UiB, jobba for å få fram skilnadane.
- Skal ein ditcha akademiaavtalen?
- No har du sjølvaste Pontius Pilatus på scena, humra Hagen, og viste til Frp-politikar Roy Steffensen sin kritikk av universiteta so