Så langt har det vore ein stor suksess, skal ein tru rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen.
Han var sjølv på første framsyning av revyen på studenthuset Rokken fredag.
- Det var god kvalitet på revyen og på arrangementet kva gjeld smittevern. Ved Rokken gjer dei det same som dei har gjort i fleire månader allereie, med god avstand og servering direkte til bordet, seier Roppen.
Sjølv vart han riven laus frå ein prat, som han anslår var på fire minutt, med ein av dekanane under framsyninga, og beden om å setje seg ved bordet sitt igjen.
- Det var tillitvekkande, seier rektoren.
Festivalstart og smitteutbrot
Festivalen skulle i utgangspunktet bli arrangert i februar, men vart utsett ein månad, på grunn av det den gong nasjonale forbodet mot arrangement med over 10 personar.
Men med nye nasjonale retningslinjer, som tillét opptil 100 personar der alle sit på