Baker og Konditor
19.02.2021
Den norske bakar- og konditorbransjen er i ferd med å bli kjøpt opp av daglegvaregigantar og råvareleverandørar. Saman med aukande import av bakarvarer, er dei frie bakeria no under press. Men det ser dessverre ut til at bakerieigarane gir blanke og berre let det skje.
NORSK BAKERIBRANSJE har i lang tid vore inne ei krevjande omstilling. Importen av heil- og halvfabrikata som blir produsert utanfor landets grenser har auka kraftig og utgjer no 29 % av den totale omsetninga av bakerivarer i Norge. Det vil seie at ein stadig større del av dei omsette bakar- og konditorvarene her i landet er på stadig færre hender. Over 80 % av marknaden er i dag kontrollert av daglegvarebransjen. I tillegg driv no leverandørane våre med oppkjøp av frie og uavhengige bakerier. Samtidig går andelen norske fagfolk i dei større industribakeria kraftig ned. Bakeria som er eigde av daglegvarebransjen og råvareleverandørane tar meir og meir ut av bransjens fellesskap. Dette fører igjen til at talet på uavhengige bakeribedrifter er lågare enn
Gå til mediet


































































































