BUSKAP
19.09.2016
Overproduksjon påvirkar mjølkeprisen negativt, og overfylling av kvote er dyrt for den enkelte bonde. Overproduksjonsavgifta er nå 4,20 kroner/liter, etter å ha ligge ei krone lågare i mange år.
Tida er inne for å ta finjustering av kvotetilpassinga for å unngå avgift i 2016. Men kva er beste måte å bremse på for dei som ligg an til overproduksjon?
Eksempel på mjølkeprognose I figur 1 er vist «Mjølkeprognose enkel» for eit bruk som ligg an til å levere for mykje mjølk. Slik graf vil døkk i desse dagar finne på medlem.tine.no (sjå figur 3). Dato for lansering er ikkje endeleg fastsatt i skrivande stund. Figuren fortel at kvota vart overfylt med ca. 36 000 liter i 2015, og at det per midten av august i år er levert enda meir enn på same tid året før sjølv om mjølkekvota er litt mindre. Med same innvegingsprofil per månad som i 2015 burde det vore levert knapt 75 000 liter på prognosedatoen, men faktum er rundt 100 000 liter. Bremsene må kraftig på nå om ikkje kvota skal bli veldig sprengt.
Mange leverer over kvote Statistikk for 2015 viste at nesten 1/3 av alle produsentane leverte mjølk over kvote. Det utgjorde i sum 16,6 millionar liter for mykje, eller i middel cirka 6 300 liter per produsent, og vil bety over 26 000 kr trekk med den nye avgiftssatsen på 4,20 kroner/ liter. Utbetalt pris på vintermjølk med fråtrekt overproduksjonsavgift og utan distriktstilskott blir veldig låg. Sjølv med elitetillegg vil det bli att berre 10-15 øre per liter i Fjord & Fjell-sona (fettprosent 4,0 og proteinprosent 3,2) og 21-27 øre i landssona. Etterbetaling kjem i tillegg. Uansett utgjer fôrkostnader og andre variable kostnader mykje meir.
Korleis bremse?
Det er mange måtar å få ned leveransene på, og vi har lista o
Gå til medietEksempel på mjølkeprognose I figur 1 er vist «Mjølkeprognose enkel» for eit bruk som ligg an til å levere for mykje mjølk. Slik graf vil døkk i desse dagar finne på medlem.tine.no (sjå figur 3). Dato for lansering er ikkje endeleg fastsatt i skrivande stund. Figuren fortel at kvota vart overfylt med ca. 36 000 liter i 2015, og at det per midten av august i år er levert enda meir enn på same tid året før sjølv om mjølkekvota er litt mindre. Med same innvegingsprofil per månad som i 2015 burde det vore levert knapt 75 000 liter på prognosedatoen, men faktum er rundt 100 000 liter. Bremsene må kraftig på nå om ikkje kvota skal bli veldig sprengt.