BUSKAP
14.09.2020
Dette blir ei lita historie om oppvekst i ei anna tid og om storfeavl den gongen det berre var nødvendig og kvardagsleg nedervd tradisjon, og langt frå vitskap.
Det var eit nyleg dyrlegebesøk som vekte opp desse gamle minna, og tankane omkring dei. Ei happening, eller like g jerne ei månelanding sto på dagsorden, ikkje mindre. For det var slik vi kjende det, framom dette siste i avlsvitskap vi skulle vere med på, her på denne gamle garden, prega av husdyrhald og tradisjonar kring det g jennom tusen år... Ei berre måteleg god ku hadde vist brunst, og no skulle det leggast inn embryo. Medan dyrlegen ordna opp med kua og det tekniske med rutinerte og rolege grep, kom det for meg eit bilde frå eit lite trekyrs fjøs og ein hard kvardags oppleving for svært lenge sia:
Bildet er eit småbruk i nordvestre kanten av Lensmyra på Røra, i dei første etterkrigsåra. Som på alle andre småbruk på den tida, er husdyrhaldet allsidig, og ein svært viktig del av familieøkonomien, ved sida av ein far i fast arbeid i ute til eit par kroner timen. Mor? Heime, og i full jobb så det held, med ungar, husstell og ikkje minst med allsidig og umekanisert dyrestell.
Det er storfehaldet som er viktigast. Det er mjølkekyr på mest alle gardane - frå eit par kyr der grunnlaget er lite og magert, og til om lag tretti på dei største gardane. Dei fleste leverer mjølk til meieriet i nabobygda, men dei minste produserer smør for sal, til så lenge. Eg seg godt for meg mor, der ho ein gong i veka syklar - eller sparkar om det er vinter - på samvirkelaget med vekesproduksjonen av smø,r godt innpakka i smørpapir i veska. Så vart det litt kontantar å handle for, til hushaldsvarer av ting det var å få tak i, og det var ikkje alt enno, i ein fattigsleg etterkrigsøkonomi.
Dette som bakgrunn for det som eigentleg skulle bli til ei lita historie til å fortelje om, frå ein vårdag i 1951...Det står to
Gå til medietBildet er eit småbruk i nordvestre kanten av Lensmyra på Røra, i dei første etterkrigsåra. Som på alle andre småbruk på den tida, er husdyrhaldet allsidig, og ein svært viktig del av familieøkonomien, ved sida av ein far i fast arbeid i ute til eit par kroner timen. Mor? Heime, og i full jobb så det held, med ungar, husstell og ikkje minst med allsidig og umekanisert dyrestell.