AddToAny

«Men eg er påpasseleg med å ikkje drive undervising, altså!»

«Men eg er påpasseleg med å ikkje drive undervising, altså!»
Mange pedagogar er redde for å drive skriveopplæring i barnehagen. Å få barna interesserte i skriftspråket handlar ikkje om å lære dei å skrive, men om å gi dei gode erfaringar med skrift i bruk.
Det er stor variasjon i kva dei vaksne i barnehagen legg i omgrepet språkstimulering, viser ein studie frå Høgskulen i Volda. Masterstudien Skriftkultur i barnehøgd - Den vaksne som tilretteleggar for nynorsk språkstimulering i barnehagen (Vadstein, 2018) viser at det også er behov for å løfte fram korleis ein kan jobbe med skriftspråkstimulering på barnehagen sine premissar.

REDDE FOR Å DRIVE UNDERVISING
Rammeplanen frå 2017 legg større vekt på «skriftspråkstimulering» enn tidlegare planar. Faglitteraturen argumenterer for at det ikkje er konflikt mellom det å drive skriftspråkstimulering og det å bevare barnehagen sin eigenart og kultur. Likevel er det mange pedagogar som vegrar seg når dei vert spurde om «skriftspråkstimulering», og fortel at dei er redde for å drive undervising og formell skriveopplæring. «Men eg er påpasseleg med å ikkje drive undervising, altså!» seier ein av pedagogane i studien. I det ligg det truleg ei forståing av skrift som noko som høyrer skulen til, noko som kjem etter at talespråket er på plass, og ikkje noko som høyrer barnehagen til. Denne artikkelen presenterer kva skriftspråkstimulering i barnehagen kan vere, og korleis den vaksne kan leggje til rette for det på barna sine premissar.

SKRIFT RUNDT OSS PÅ ALLE KANTAR
Også små barn utviklar ei forståing av at lesing og skriving er reiskapar for kommunikasjon. Dei vert sosialiserte inn i ein skriftkultur (Barton, 2007). Vi har skrift rundt oss på alle kantar. Ser vi nærare på kva skriftspråkstimulering i barnehagen kan
Gå til mediet

Flere saker fra Første steg

Første steg 29.05.2026
– Tar ansatte seg tid til å dele små inntrykk fra barnehagehverdagen med foreldre, vil det bli lettere å ta opp vanskelige ting seinere, sier forsker Vibeke Glaser.
Første steg 29.05.2026
Det er fredag i utetiden, og været er sånn passe. Vinden tar godt tak i kinnene til barna. En liten gruppe med barn syker rundt beina mine. De vil jeg skal være med dem bort til porten.
Første steg 29.05.2026
Etter et år med musikksamlinger har barna fått større ordforråd, og de ansatte er blitt tryggere på å bruke sang og musikk i barnehagen.
Første steg 29.05.2026
Barnehager over hele landet inviteres til å gå ut og telle insekter i forbindelse med Verdens miljødag 5. juni.
Første steg 29.05.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt