Norsk Skogbruk
19.05.2020
Vi har ikkje lange tradisjonar for skogbruk på Vestlandet. Tvert imot har vi ein førstegenerasjonsskog i sin beste veksealder. Og vi har unge og i mindre grad «aktive» skogeigarar som er i ferd med å ta over den eldre generasjonen sine granplantingar frå etterkrigstida.
Med våre 5,3 mill. daa produktivt skogareal og derav ca. 0,9 mill. daa med gran, er Vestland fylke ikkje akkurat eit stort skogbruksfylke samanlikna med våre naboar. Men vi har som kjent ekstremt gode veksttilhøve for skog - no og for ei klimaendra framtid. Alle rapportar gjev vestlandsk granvirke gode skussmål - super kvalitet i ei tid der satsing på fornybare ressursar er den einaste vegen å gå. I Vestland fylke høgg vi kvart år i gjennomsnitt ca. 430 000 m3 tømmer. Og dei mest ivrige vil også plante ny skog.
Så langt, så bra. Men vårt vestlege skogbruk har ikkje alltid like lukkeleg slutt.
FLASKEHALSAR
Mykje av granskogen står i bratte lier utanfor allfarveg. Infrastrukturen er Vestlandet si store utfordring med behov for skogsvegar og kaiar. Ikkje minst er utfordringane enorme i det offentlege vegnettet, flaskehalsane står i kø på dei kommunale vegane. Uansett vil det aldri vere nok pengar til å hente skogen ned frå dei øvste liene. Nokre investeringar på 50- og 60-talet vart rett og slett gjort i område som ikkje viste seg å
Gå til medietSå langt, så bra. Men vårt vestlege skogbruk har ikkje alltid like lukkeleg slutt.