Khrono
25.02.2020
Vi har tiltak for å få fleire kvinner inn i mannsdominerte yrke. Men det saknast eit omsyn for å unngå stereotypiar om og kjønnskeiv rekruttering til kvinnedominerte fag og yrke.
I Khrono 22. februar etterlyser Marit Reitan, Björn Gustafsson og Øyvind Weiby Gregersen ved NTNU med rette eit større fokus på rekruttering av menn til dei kvinnedominerte helse- og sosialfaga. Dei vil ha tiltak for å betre kjønnsbalanse i yrke som barnevernspedagog, sjukepleiar og sosionom.
Les merFor å kunne utvikle gode tiltak for å auke mannsandelen i kvinnedominerte yrke må vi også auke kunnskapen om kvifor få menn vel seg til desse fagområda.
Dersom eit meir likestilt arbeidsliv er målet, burde vel likestillingsarbeidet gå begge vegar? Runa Brandal Myklebust Stipendiat, OsloMet
Senter for profesjonsstudier ved OsloMet publiserte i haust ein rapport om årsaker til lav mannsandel på grunnskulelærarutdanning 1-7. Rapporten tek også opp eit tema som famnar breiare en