Magasinet for fagorganiserte
21.02.2020
Hotelltilsette og bussjåførar er blant lønnstaparane. No er dei klare til å streike fram til får eit ordentleg lønnsløft i vårens lønnsforhandlingar.
OSLO: - Etter rekningar og mat, må eg vri og vrenge på kvar einaste krone. Det er ikkje mykje igjen til å for eksempel reise på ferie. Sånn sett er det ikkje eit liv, samanlikna med det andre har.
For reinhaldar på Scandic Helsfyr, Hilde Bakken, er ikkje lønna mykje å skryte av. Den ligg meir enn 100.000 kroner under årslønna til ein industriarbeidar. Tilsette i hotell- og restaurantbransjen er også taparane når ein samanliknar lønnsveksten i ulike yrke.
- Eg kjenner det som om yrket mitt er mindre verd, seier Bakken når Magasinet møter ho på klubbkontoret til konferansehotellet der ho har jobba i 35 år.
SMÅPENGAR
Blant reinhaldarar, resepsjonistar, servitørar og kokkar, er frustrasjonen no stor. Etter tre år med lokale lønnsforhandlingar i bransjen, har resultatet vore null eller småpengar i lokale lønnstillegg.
Choice-tilsette fekk 15 øre i lokalt lønnstillegg i fjor. Året før fekk Scandic-tilsette 15 øre, og Thon-tilsette 10 øre. Elles har det vore null. Fellesforbundet-leiinga har omtalt forhandlingane som sabotasje frå arbeidsgivarane si side, og resultata som lommerusk.
- Det kjennest blodig urettferdig. Det er rett og slett ei fornærming mot arbeidsfolk, seier servitør og hovudtillitsvald Helena Bozicevic på hotellet på Helsfyr.
STREIKEKLARE
Fellesforbundet
Les opprinnelig artikkelFor reinhaldar på Scandic Helsfyr, Hilde Bakken, er ikkje lønna mykje å skryte av. Den ligg meir enn 100.000 kroner under årslønna til ein industriarbeidar. Tilsette i hotell- og restaurantbransjen er også taparane når ein samanliknar lønnsveksten i ulike yrke.