Ber dødeleg gen
Myggborne sjukdommar, som malaria og zikafeber, er eit stort helseproblem, særleg i utviklingsland. Mange tiltak går ut på å redusere myggbestand, men myggen har vorte motstandsdyktig mot fleire insektmiddel. Andre tilnærmingar, som genmodifisert mygg, vert derfor prøvde.
Oxitec har gjennom fleire år utvikla og testa genmodifisert mygg, mellom anna ein variant av myggarten Aedes aegypti. Føremålet er å kjempe mot virussjukdommar som denguefeber, gulfeber og zikafeber, som denne myggarten overfører. Strategien til Oxitec har vore å genmodifisere hannmygg, slik at dei vert berarar av eit dødeleg gen. Hannmyggen overfører genet til avkommet, som sjølv døyr før det rekkjer å formere seg. Tidlegare laboratorieforsøk har likevel vist at 3-5 prosent av myggane kan overleve fram til dei vert vaksne, men det har til no vore uvisst om dei òg kan formere seg. I tillegg til d�