BUSKAP
09.12.2019
God økonomi gjer føretaket meir robust mot endringar i både ytre og indre føresetnader. Å ta ut lønsame marginar, vil alltid vere rett - uavhengig av om det er høg- eller lågkonjunktur.
I artikkelen er det fokus på å betre lønsemda med same tal produksjonseiningar - areal, kvote og dyretal. Det handlar om å nytte kvar produksjonseining betre og å auke verdiskapinga på kvar produsert eining.
Auke verdiskapinga per liter
Kva mengde melk ein får levere er avgjort av grunnkvote og forholdstall. Skal ein ha høgast mogleg melkeinntekter, gjeld det å auke verdien av kvar liter innafor den disponible kvoten. Ein må då tilpasse seg varemottakaren sine kriteriar. Melkeprisen er påverka av hygienisk kvalitet, tørrstoffinnhald og er betre betalt om sommaren enn om vinteren.
Auke kjøtproduksjonen med same dyretal
I motsetnad til mjølk, er det ikkje avgrensa kor mykje kjøt ein får levere. Er det fullt nok frå før, kan ikkje dyretalet aukast. Ein lyt derimot ha fokus på at dyra ein har plass til har stor kjøttilvekst. Så lenge ein har nok tilgang på ungdyr, bør ein nytte så få plassar som muleg til å produsere kvoten. Det vil seie færrast mogleg årskyr, med høg avdrått og høgt tal kalvar per årsku. Klarar ein ikkje å skaffe nok kalvar sjølv, kan ein vurdere innkjøp.
Både kviger og oksar blir til sjuande og sist kjøt. God tilvekst på kvigene betaler seg i form av at dei fortare blir store og gode kyr. Dette frigjev plass og fôr til fleire ungdyr. Auka tilvekst på oksar gjev anten større slakt på same oppalstida eller tidlegare slaktemodning og frigjeve plass. Auka tilvekst verkar også positivt på klassifisering og pris. I tillegg til fôring og stell vil bruksdyrkryssing kunne bidra til å auke tilvekst og klassifisering betydeleg. Brukar ei kjønnsseparert sæd, kan også delen med kjøtfekryssingar aukast (sjå Buskap nr. i 2019 - du finner artikkelen på
Gå til medietAuke verdiskapinga per liter