Det heiter det i saka styret ved Høgskulen i Volda handsama hausten 2017. Konklusjonen var at styret sa seg samde i at det ikkje hadde vorte påvist brot på arbeidsmiljølova, og at høgskuledirektøren skulle følgja saka opp på vanleg måte for personalsaker.
Rektor Johann Roppen seier at brevet frå Forskerforbundet, som starta saka Khrono i dag skriv om, kom veldig overraskande på han.
- Men det er ganske harde ord i desse styrepapira?
- Etter styrehandsaminga formidla eg ei munnleg tilbakemelding til det dåverande styret i Forskerforbundet med det same innhaldet som står i desse styrepapira. Og eg skal ikkje springa frå formuleringane i styresaka, seier Roppen.
Det er viktig å understreka at eg ikkje tvilar på dei subjektive opplevingane enkeltpersonar har rapportert om. Johann Roppen Rektor Høgskulen i Volda
- Det er viktig å understreka at eg ikkje tvilar på dei subjektive opplevingane enkeltpersonar har rapportert om, seier han.
Opplevde plikt til handling
Dei tre

































































































