- Det har vorte gitt tilbod om nettstudium i Volda i tjue år. Først vart førelesingane filma, men no prøver me å tilby noko anna. Me lagar kortare videoar, og heller fleire. Nettundervisning er noko eige, seier Teige.
Tusen i året
Høgskulen i Volda ligg mellom fjord og fjell. Med sine 4000 studentar er han blant landets minste - men størst i Møre og Romsdal. Dei fleste som kjem hit tek profesjonsutdanningar. Unntaket er historie og religionsvitskap, og nokre årsstudium ein kan ta som del av lærarutdanninga.
Frå dette studieåret kan ein ta bachelorgrad i historie utan å møta fram i Volda før avlsuttande, munnleg eksamen. Det reine nettstudiet har fylt opp alle dei sytti studieplassane. Generelt er gjennomstrøyminga på nettstudium god, fortel Teige. Heilt attende til 2012 har høgskulen hatt om lag tusen nettstudentar kvart år.
- Studentane som tek eit nettstudium er gjerne eldre enn andre studentar, og meir motiverte for å gjennomføra. Mange av dei som tek historie er lærarar som ønskjer å ta vidareutdanning, seier Teige.
Studiet er lagt opp til at ein skal ta to emne i semesteret, men det er òg mogleg å halvera mengda.
- Studentane skal skriva ei oppgåve gjennom semesteret. Denne får dei ganske fyldige tilbakemeldingar på. Så sjølv om studentane ikkje fysisk er her, krev dei mykje ressursar i form av rettleiing, seier Teige.
Ein del ramlar av
Fleire studentar enn før vel å studera i dei store byane, sa statsråd Iselin Nybø til Khrono då ho, på vegne av regjeringa, gav klarsignal til eit nytt mediebygg i Volda.

































































































