Lars Bjørge Pedersen uttrykker i ein kronikk på barnehage.no uro for kva gutars leike- og leiketøyspreferansar kan ha å seie for utviklinga deira generelt, språkutviklinga spesielt. Han meiner den auka kjønnssegregeringa av leiketøy er ein elefant i rommet vi bør snakke meir om, då den kan stimulere til ein type åtferd som utviklingsmessig spenner bein på gutane - ein leik som er konfliktskapande og språkfattig.
Les Lars Bjørge Pedersens kronikk her.
Sjølv opplev eg at gutars leike- og leiketøyspreferansar er noko det snakkast nokså mykje om, som oftast med negativt forteikn. Lite snakkast det derimot om dei positive effektane deltaking i boltreleik og leikeslåsting kan ha, med eller utan symbolske våpen eller leikevåpen. Det er sjølvsagt forståeleg at vaksne kan ha problem med gutars preferansar for leiketema som går imot personleg ideologi og moral, og leiketøysprodusentars, spel- og filmskaparars utnytting og forsterking av desse. Samstundes er ikkje dei vaksnes haldningar aleine ein god grunn til å nekte gutar å leike slik dei ynskjer.
Den relativt avgrensa forskingslitteraturen som finns på området gjev, i motsetnad til det typiske innlegget i media, generelt eit positivt bilete av denne f


































































































