Når politikarar gjer Post Nesna til eit spørsmål om å utvikla desentraliserte utdanningar, så er dette feil fokus og uheldig med sikte på å realisera det strukturreforma skal gjera. Sveinung Eikeland Viserektor, UiT
UiT Noregs arktiske universitet blei invitert til å delta i konferansen fordi vi har mange campus i heile Nord-Noreg. Etter ei samla vurdering, er UiT komen til at vi ikkje bør delta på konferansen. Eg skal kort gjera greie for dei viktigaste poenga i innlegget eg hadde førebudd.
Reetablering av profesjonshøgskular ikkje svaret
Strukturreforma i høgre utdanning har viktige regional - og utdanningspolitiske konsekvensar som er vel verdt å drøfta. Vedtaket i Nord universitet om å leggja ned dagens aktivitet på Nesna har også sett på dagsorden viktige regional- og utdanningspolitiske tema.
Strukturreforma byggjer på verdien av ei akademisering av bachelorutdanningar i velferds- og ingeniørprofesjonar, samt på at mastertillegg erstattar etterutdanningar og kurs i dei same faga. Akademiseringa byggjer på utvikling av praksisnær forsking. Utgangspunktet var gjerne små fagmiljø med entusiastiske undervisarar med basis i profesjonane. Dei blei ver

































































































