Bondebladet
07.07.2016
Bønder vil droppa rundballeplast og plansiloar og heller lagra fôret under tak. Tårnsiloen får no sin fortente renessanse, erfarer byggjeentreprenør på Jæren.
Tårnsiloen er ikkje lenger meir eller mindre verneverdige minne frå gylne år på 1970-talet, men eit reelt alternativ for mange som byggjer nytt eller byggjer på driftsbygningane sine, meiner Ove Haugstad frå entreprenørfirmaet Øen og Haugstad AS på Vigrestad på Jæren.
Ny interesseHaugstad fortel om ny interesse for det tradisjonelle sylinderforma grovfôrlageret i grå betong, som var vanlege i bruk i mange tiår fram mot tusenårsskiftet, før det vart heilt stilt.
Ei siloform s