Det er altså studieretten som er det sentrale og ikkje tilsetjingsforholdet. Så kvifor ikkje kalla ein spade ein spade og bruka nemninga PhD-student? Olaug Husabø Seniorrådgjevar, UiT
Når eg tek opp dette, er det fordi mange meiner at desse ikkje er studentar. Seinast såg eg det i Khrono i sommar: «Stipendiater er ikke lenger studenter», stod det i et oppslag 11. juni.
Eg er heilt einig i at stipendiatar fell mellom to stolar, men ein treng ikkje gjera gapet større enn nødvendig. Det går an å minka det litt ved å bruka ein terminologi som er i samsvar med den som vert brukt elles på området.
Grunnen til oppfatninga at stipendiatar ikkje er studentar kan vera at dei normalt ikkje er inkluderte i studentsamskipnadane fordi dei har lønn under utdanning. Men det er ei misforståing at det betyr at dei ikkje er studentar, for det er universitets- og høgskulelova (UH-lo

































































































