BUSKAP
01.07.2019
Det er krav om at også alle båsfjøs skal ha kalvings-/sjukebinge frå 01.01.2024. I dei fleste båsfjøs kan dette løysast på ulike måter utan større investeringar, men det vil sjølvsagt ta litt plass i fjøset.
Kalvinga er ei stor fysisk påkjenning for kua og kalven. For å lette dette mest mogleg, bør dei ha tilgang til eit område med god plass. Kalvinga går lettast dersom kua kan gå laust i ein romslig binge. Kalv født på eit isolert og drenerande golv i ein kalvingsbinge vil få ein vesentleg betre start på livet, enn ein kalv som blir liggande nedkjøla fleire timar på ei tilgrisa gjødselrist bak kua i båsfjøset. Bingen vil sikre at kalven sug råmjølk frå mora som sitt fyrste måltid, og ikkje vanleg mjølk frå nabokyr i fjøset når den stavrar rundt.
Litt kalvingsetologi
Vanlegvis vil kyr som skal kalve trekke seg bort frå flokken omtrent eit døgn før kalving. Dei vil ofte søkje eit stille og beskytta område der kalvinga kan skje uforstyrra av andre dyr. Dersom dyr vert sluppet for tidleg inn i kalvingsbingen, eller blir plassert aleine langt og isolert frå resten av kyrne/kvigene, vil dei bli stressa av å bli haldt borte frå flokken. Då kan kalvinga gå i stå. Skal ein bruke bingar der dyra blir isolerte frå flokken, bør ein ha gruppebingar slik at fleire dyr kan gå der samtidig.
Golvet i kalvingsbingen
Kua/kviga vil ofte vera uroleg, reise og legge seg fleire gonger under kalvinga. Dyret er stort og tungt, ledda er svake og toler lite. Golvet må difor vera sklisikkert og utan trinn. På golvet bør det vera gummimatte med godt med strø, eller anna mjukt materiale som halm. Dette vil og hindre at den nyfødte kalven og kua blir nedkjøla. Dette er særleg viktig dersom kua får mjølkefeber, då kua får kroppstemperatur under normalen. Mjølkefeber er den mest utbreidde kalvingsrelaterte sjukdomen vi har, og kua kan kome til å ligge i fleire dager. Mjukt underlag hindrar liggeskader. For å halde golvet i bingen mest mogleg hygienisk og reint frå fostervatn, mjølkesøl og urin, må dette drenerast bort. Halm som underlag er bra. Er ikkje dette ei aktuell løysing, bør det strødde golvet ovanpå gummimatte i bingen ha 2-4 prosent fall slik at det blir drenert til sluk, rist eller spaltegolv. Golv med svakt fall vil også hjelpe når bingen vert vaska og skal tørke opp fram til neste bruk.
Utforming av bingen
Bingen bør leggast slik at det er så fri adkomst som mogleg til den. Kua vil ha oversikt mot moglege farer under kalvinga. Ho vil legge seg med utsikt til bingen og arealet rundt, og bakenden vil bli pressa mot vegg i kalvingsbingen og kalven kan ikkje kome ut. Ideelt sett bør det difor vera eit opent areal rundt bingen, slik at bingesidene kan opnast for å enklare kunne hjelpe til under
Gå til medietLitt kalvingsetologi