BUSKAP
13.05.2019
Reduserte fôrkostnader, utnytting av grasressursar som ikkje kan haustast maskinelt og ekstra tilskott er faktorar som gjer beiting lønsamt.
Forbrukarane synest det er fint å sjå kyr på beite, og kan hende kjøper dei meir mjølk og ost på grunn av eit positivt inntrykk. Og sjølv om mosjonskravet kan innfriast med luftegard eller såkalla mosjonsbeite er det all grunn til å satse på beiting på mjølkebruk som har bra vilkår for å få det til. Det vil seia tilgang til beiteareal nær fjøsdøra, eventuelt på setra. Fordelane med beiting dreier seg i hovudsak om billegare grovfôr, redusert kraftfôrbehov, utnytting av grasressursar som ikkje kan haustast maskinelt, og ekstra tilskott. Beitinga kan også føre til høgare andel sommarmjølk, og dermed betre gjennomsnittleg mjølkepris spesielt i sona «Fjord & Fjell».
Ulempene
Ulemper ved beiting vil ofte vera redusert grasavling og redusert avdrått som fylgje av meir ustabil fôrrasjon. Vidare kan det bli lågare fettprosent i mjølka, og dersom kyrne må gå på møkkete/ klinete drivvegar til og frå fjøset kan det oppstå utfordringar med aerobe sporer i mjølka og dårleg klauvhelse.
Arbeidsmengda med grashausting og gjødselhandtering går naturleg ned ved beiting. Som regel vil stell av dyra også ta mindre tid i beiteperioda, sjølv om gjerding og beitepussing og henting av kyr til mjølking også tek tid.
Beite er billegare enn innhausta grovfôr
Ved å beite graset slepp vi kostnader til konserveringsmiddel, plast og arbeids- og maskinkostnader med innhausting av grovfôret. Mjølkonomi har bra statistikk over kva dette betyr per energi-eining i fôret. Tala frå Mjølkonomi 2016 i figur 1 viser at beite-energien kostar ca. 30 prosent av energien i innhausta grovfôr.
Beitegras er energirikt og kan spare kraftfôr
Ved beiting lêt vi som regel kyrne hauste graset på eit tidlegare utviklingsstadium enn ved maskinell hausting. Figur 2 viser energiverdiar i nokre «standard» grovfôrkvalitetar.
I ein fôrplan vil Tine OptiFôr berekne cirka 2 kg mindre kraftfôrbehov per ku per dag med beite i høve til grassurfôr i dei ulike «para» i figuren. Ved rikeleg arealgrunnlag på garden gjev dette ein betydleg reduksjon i kraftfôrkostnader til buskapen.
Utnytting
Gå til medietUlempene