Det utspelar seg ein politisk kamp på universiteta, som vil påverke korleis framtida i dette eit av Noregs hovudsamarbeidsland for forsking og utdanning vil sjå ut. Opprøret har også forplanta seg til andre byar og universitet i landet.
Studentleiarane presenterte ei liste med krav, som at universitetet skulle avskaffe registreringsavgifter, skru ned prisane i kantiner, sørge for sikre og finansierte studentbustader og auke løner for høgare grads studentar som underviser. Organisatorane som frontar opprøret er tett knytt til dei politiske ungdomsorganisasjonane i landet, til ANC, og framfor alt EFF, Economic Freedom Fighters.
EFF vart etablert i 2013 med den karismatiske Julius Malema i spissen, etter at han hadde blitt ekskludert frå ANC. Malema, som titulerer seg sjefskommandant og opptrer med raud beret, kan trygt kallast ein ultrapopulist på ytre venstre fløy med hang til ytterleggåande utspel, ofte retta mot den kvit

































































































