Prorektor Margareth Hagen ved UiB har kalla avtalen for «ein pioner i Europa». Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø har kopla avtalen med Plan S:
- Denne avtalen er eit viktig skritt for arbeidet vårt med open tilgang til forsking, og viser at arbeidet med Plan S gir resultat, sa Nybø i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Avtalen går i riktig retning, men han er ikkje heilt i samsvar med Plan S. Vi er ikkje garantert at dei går over i til ein ny forretningsmodell. Kenneth Ruud Prorektor UiT Norges arktiske universitet
Ingen plikt til å opne
Professor Nils Pharo er positiv til avtalen, men konstaterer at han ikkje inneheld ei plikt for Elsevier til å gjere om forretningsmodellen sin til å gå over til open publisering.
- Det gjer at avtalen ikkje er heilt kompatibel med Plan S, seier Pharo til Khrono.
Han tenkjer likevel på avtalen som eit pionerarbeid, då han er den første i sitt slag.
- Men gjorde Norge ein avtale for tidleg? Kunne ein fått til meir om ein sto saman med dei andre?
- Det

































































































