Ein mann dreper 49 menneske i to moskear i Christchurch på New Zealand. Han livestreamer massakren og startar med ei oppmoding om å abonnere på YouTube-stjerna PewDiePie. I sitt manifest uttrykker han entusiasme for spela Fortnite og Spyro the Dragon.
På spelplattforma Steam hyller fleire brukarar han på profilane sine.
Kva i all verda er det som går føre seg her? Vi vert trolla. Dette er trolling med døden til følge.
Det er klart nokon vil stille spørsmål. Spel og spelkultur er framleis noko framand for mange; trass i at den gjennomsnittlege spelar er i midten av trettiåra vert det betrakta som noko spesielt og for barn og unge. Videospel er ein kulturindustri i milliardklassen.
Likevel; frå Columbine-massakren til 22. juli har spel blitt trekt inn som ein mogleg kausalfaktor, trass i at det ikkje finnes noko som talar for dette. Og dette veit ein på internett, i spelmiljøa og på 8chan.
Dette veit massemordaren, og han vel å vitse om det. Og skapar slik sjølv dei føreseieleg reaksjonane. Ein tanke om at spel og spelkultur er ein årsak, ei forklaring.
«Remember lads, subscribe to PewDiePie»
PewDiePie er «artistnamnet» til den svært populære svenske streamaren Felix Kjellberg (29), som har skaffa seg fleire millionar tilhengjarar på YouTube for sine spelrelaterte videoar. Gjerne videoar av typen «Lets Play», der han vert skremt og skrik medan han speler skrekkspel. Hans popularitet blant ungdom kan nesten ikkje verte overvurdert.
Når han då gong på gong har plaska ut i det med antisemittiske vitsar og har lefla med rasisme, er det difor verd å få med seg. Når han har mottatt kritikk for dette, har han smykka seg med offertittelen. Og fansen hans støtter han i dette. Han er jo ikkje rasist, det er berre slikt ein seier, vil dei seie. Men det er verd å merke seg korleis slikt ufarleggjer, og kanskje til og med legitimerer rasismen, når det vert ståande utan å verte problematisert.
Og her ligg årsaka til at Tarrant trekk inn PewDiePie.
Eg har ingen grunn til å tru at PewDiePie er rasist, eller antisemitt, men han har gjort og sagt toskete ting, og forstår ikkje at det er toskete, fordi han er ein del av ein kultur som ikkje ser alvoret eller problemet i dette. Ein kultur som lever av å dytte desse grensene.
Klar over kontroversen
Og medan han kanskje ikkje meiner noko gale med dette, anna enn å appellere til fanbasen og generere klikk, så er det ikkje til å sjå vekk ifrå at nokre av desse klikka kjem frå rasistar og andre som


































































































