Me som barnehagelærarstudentar har erfart at ein i dagens samfunn er veldig raskt ute med å definere og å «kjønne» barnet. I dagens barnehage treng ein difor kompetanse og kunnskap om barns legning og kjønnsidentitet. «Rosa kompetanse» handlar om at dei ansatte i barnehagen tileignar seg kunnskap om barns identitet, kjønn, i tillegg til likeverd.
Forfattar Kristina Henkel uttalar seg om at «vi kan si så mye vi vil at to jenter kan gifte seg, men hvis barna ikke ser det, så finnes det ikke. Men hvis det finnes i en bok, så finnes det.»
Tema om barns legning og kjønnsidentitet kan vera vanskeleg og tabubelagt å snakke om, men om kjønns- og legningsmangfald ikkje blir teken på alvor er det barna som må tole konsekvensane.
Rosa kompetanse - kva og kvifor?
I dagens barnehage er det eit stort mangfald og variasjon. Dette handlar om menneskers likskapar og ulikskapar. Barnehagen er pålagt å fremje likeverd og likestilling uavhengig av kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksuell orientering. Kjønnsidentitet er den personlege oppfatninga av kva kjønn ein er. Det er ein subjektiv oppleving som oppstår i samspel med andre.