Men heile styret til den valde rektor og styreleiar Roppen er ikkje samde i dette.
Styret ved Høgskulen i Volda er delt på midten i synet på fusjon, eller rettare: bruk av «f-ordet» i styrevedtak, som Roppen sjølv kalla det på styremøte.
Inge realitetsdebatt
Under torsdagens styremøte blei det aldri nokon realitetsdebatt om høgskulen skulle fusjonere med nokon, eller eventuelt med kven. Debatten, og påfølgande kampvoteringa, handla om ordet «fusjonsalternativ» skulle vere med i vedtaket om framtidig strategisk strukturarbeid eller ikkje.
Rektor Roppen hadde sjølv foreslått eit vedtak der det sto: «Høgskulen i Volda skal også i tida framover ha ein aktiv og samarbeidssøkande strategi til nærliggande institusjonar både i strukturspørsmålet og i faglege samarbeid.»
Men tilsettrepresentant Tor-Johan Ekeland fremma forslag til vedtak der det heitte at Høgskulen i Volda «skal ha ein aktiv strategi for å avklare moglege fusjonslaternativ og samarbeid...», altså «f-ordet» inkludert.
Det er ingen som kjem til å legge oss ned, men vi må klare oss åleine. Det kan føre til at vi kjem til å vere ein rein bachelorfabrikk om 15 år. Tor-Johan Ekeland Styremedlem, Høgskulen i Volda
Kritikk mot Khrono-intervju og «motbakkeløp»
Tor-Johan Ekeland var saman med ekstern representant Terje Heggem, blant rektor Roppens sterkaste kritikarar i struktursaka.
- Eg ser at rektor er intevjua i Khrono i dag der han seier at sjølvstende er det einaste som gjeld for Høgskulen i Volda. Har han heile styret i ryggen på dette? Eg trur ikkje det, sa Ekeland på møtet og heldt fram:
- Korleis har vi kome dit vi er i dag? Er det fordi vi ville det, eller fordi det berre blei slik? Eg har ei anna oppfatning enn rektor som ønska at det skulle bli slik. Eg meiner at vi har undervurdert konsekvensane av strukturreformen, og no oppfører vi oss som om vi har «sluppet unna», sa han og advarte mot åleinegang og «motbakkeløp».
- Det er ingen som kjem til å legge oss ned, men vi må klare oss åleine. Det kan føre til at vi kjem til å vere ein rei

































































































