Det er på sin plass å rope eit varsku om at fagleg tilsette på alle våre universitet må vere med å halde oppe velfungerande demokratiske ordningar - både ved deltaking, men også ved å sjå til at valprosessane er gode. Svein Tuastad Førsteamanuensis og styremedlem UiS
- I alle val må to omsyn sikrast - likebehandling av kandidatane og at kandidatane kan nå ut til sin veljarkrets. Når den tidlegare tradisjonen med debattmøte uventa vart avvikla, og når det ikkje er lov av kandidatane å fremje synspunkt under valperioden, blir det i praksis ingen debatt. Då er risikoen at det blir ein parodi av eit val, seier han til Khrono.
Ifølge leiar i valstyret, førsteamanuensis Ivar Austevoll, har 22 kandidatar meldt seg til dei fem styreplassane: 10 vitskaplege tilsette, 10 teknisk/administrativt tilsette og to kandidatar for dei mellombelse tilsette.
På har det kome kritikk frå fleire mot årets valopplegg, mellom anna at det ikkje blir heldt valmøte og at presentasjonen av kandidatane berre skjer på nett.
Tuastad viser til at det berre gjekk ei veke frå alle kandidatane var

































































































