Men så skjedde det noko.
- Når ein kjenner historia, var det slett ikkje uventa at Solberg lokka med abortlova då ho ville at Kristeleg Folkeparti skulle velja å forhandla med Høgre, Venstre og Frp om å gå inn i regjeringa. Og abortlova kom i spel. Det seier Kari Tove Elvbakken. Ho er professor i administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB, og forskar for tida på abortlova si politiske historie. Onsdag skal ho halda eit føredrag i regi av Selskapet til Vitenskapens Fremme om nettopp abortlova.
I 2014 og 2018
I 2014 var 8.marstoga lenger enn dei hadde vore på mange år. Bakgrunnen var forslaget om at legar skulle kunne reservera seg mot å visa gravide kvinner vidare i helsevesenet, slik at kvinnene skulle kunne ta abort. Det var eit resultat Krf oppnådde i Nydalen-forhandlingane, som støtteparti for Høgre og Frp-regjeringa i 2013. Tusenvis protesterte, og mange, òg privatpersonar, sendte inn høyringssvar. Enden på visa vart at fastlegar ikkje lenger skal ha ei rolle når ei kvinne ønskjer å ta abort før svangerskapsveke 12.
Men så, på slutten av 2018, kom det altså ein ny runde. Krf ville fjerna paragraf 2C i abortlova, den som seier at abort kan verta innvilga dersom «det er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom, som følge av arvelige anlegg, sykdom eller skadelige påvirkninger under svangerskapet». Regjeringsforhandlarane vart ikkje samde om dette, men dei vart samde om å fremja forslag om å endre abortlova, så det ikke vert lovleg utføra såk

































































































