På FN-dagen 24. oktober kom pressemeldinga om at Universitetet i Bergen blir offisielt knutepunkt for eitt av FNs 17 berekraftmål - det som handlar om liv under vatn. Berekraft er blitt refrenget i UiBs strategiske satsingar og profil. «Vi menneske er nøkkelen til suksess», sa rektor Dag Rune Olsen frå talarstolen under Berekraft-konferansen i februar i år.
På Høyden kan avsløre at ein ting ikkje er berekraftig: rektors eigne flyreiser.
Australia, Japan, Kina, USA
På Høyden har rekna ut klimafotavtrykket til rektorane ved dei fire største forskingsuniversiteta i landet, på grunnlag av ein oversikt over flyreisene det siste året. Rektor ved berekraftuniversitetet UiB har den klart tyngste klimabagasjen:
Med å ta høgde for dei spesielle klimaeffektane av flyreiser, som kondensstriper, vassdamp og nitrogenoksid, er klimaavtrykket til rektoren ved Universitetet i Bergen det siste året på minst 27 tonn.
Det svarer for eksempel til mellom 15 og 20 års gjennomsnittleg bilkøyring. Eller smelta sjøis i Arktis tilsvarande arealet i ei mellomstor Røroshytte (90 kvm).
I løpet av 2018 har Dag Rune Olsen mellom anna reist til USA, Australia, Sør-Afrika, Japan og til Kina - tre gonger. Han har også vore på dekantur til Roma, og gjort ei rad reiser til ulike europeiske destinasjonar, i tillegg til reisene innanlands.
Ifølgje UiBs eiga rapportering var flyreiser den største kjelda til CO2-utslepp ved universitetet.
- Eit leiaransvar
- Universiteta våre burde vere i front, ikkje berre i forsking omkring klima, men også når det gjeld å få ned klimagassutsleppa i eiga verksemd. Dét er primært er eit leiaransvar, fordi ein må gripe fatt i dette på systemnivå, seier professor emeritus ved UiB, Gunnar Kvåle, til På Høyden.
Kvåle har i mange år engasjert seg i klimakampen, mellom anna i Concerned Scientists Norway. I seinare år har Kv

































































































