AddToAny

Kvifor tru at klimaforskarane lyg?

Kvifor tru at klimaforskarane lyg?
Det finst dei som er skeptiske til klimaforskinga. Det må vera lov. Det finst også dei som meiner at klimaforskinga er juks og bedrag, ein del av eit komplott. Men kva for grunn skulle klimaforskarane eigentleg ha for å lyga?
Historikaren Andrew McKenzie-McHarg fortel i eit essay i antologien om den amerikanske presidenten James A. Garfield som sumaren 1881 vart skoten på ein jernbanestasjon i Washington. Garfield døydde seinare av skadane.

Gjerningsmannen heitte Charles J. Guiteau. Han meinte, takk vere lite anna enn eit oppblåst sjølvbilete, at han sjølv hadde spela ei avgjerande rolle for Garfield sin valsiger, og at han burde få godgjersle: ein lukrativ diplomatpost i Europa. Slik gjekk det ikkje, og Guiteau vart overtydd om at Gud sjølv hadde bede han om å ta livet av presidenten.

Det var lita tvil om Guiteau si skuld. Han vart arrestert på åstaden. Seinare vart han dømd til døden. Men før dette vart det i pressa diskutert ulike teoriar om kva som låg bak drapet. Ein av desse teoriane var at Guiteau ikkje var åleine, at det var snakk om ei samansverjing, ein konspirasjon. Denne teorien vart omtala som konspirasjonsteorien.

Eg nemner dette fordi ordet konspirasjonsteori - slik me nyttar det i dag - eigentleg er noko misvisande. Det som vert kalla konspirasjonsteoriar i dag er ikkje lause teoriar om at det kan liggja eit komplott bak ei hending, slik det var i omtala av attentatet mot Garfield.

Det er snarare snakk om konspirasjonsskuldingar, retta mot namngjevne grupper og ofte mot namngjevne enkeltpersonar.

Klimakomplottet

Det store fleirtalet av forskarar på området er ikkje i tvil om at klimaendringane går føre seg, og heller ikkje i tvil om at dei i stor grad er eit resultat av menneskeleg verksemd.

I vår tid er det heller ikkje naudsynt å sjå seg særleg mykje om, for å sjå heilt konkrete resultat av klimaendringane, slik NRK-journalistane Mads Nygård Støstad og Patrick da Silva Sæther synte i i januar.

Sjølv om det store fleirtalet av relevante forskarar sine råd er klåre, og sjølv om klimaendringane er synlege i verda rundt oss, finst sjølvsagt dei som er skeptiske. I

Les mer

Flere saker fra Fri tanke

SKILSMISSEN OG DENS BARN ORGANDONASJON - pisk eller gulrot DITT VIKTIGSTE FELLESSKAP ER MED DEG SELV VENNSKAP PÅ TVERS AV KRIG
Fri tanke 06.06.2024
Skilsmisse er vanlig. Men i hver enkelts liv er det ekstraordinært. Hva gjør det med oss?
Fri tanke 06.06.2024
Jeg som skriver dette er en 37 år gammel trebarnspappa, fremtids- og teknologioptimist, humanist og nevrolog. Til daglig jobber jeg ved Sykehuset i Vestfold.
Fri tanke 06.06.2024
Nei, frivillighet er det beste. Men da må du snakke åpent med dine nærmeste om liv og død.
Fri tanke 06.06.2024
GURO HOFTUN (født 1970). Journalist og forfatter. Hun har skrevet romanene
Fri tanke 06.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt