Han har vore professor i norrøn filologi ved UiB sidan 1993, og ein periode var han styrar ved dåverande Nordisk institutt. Då kom alle sakkunnige komitéinnstillingar som offentlege vedlegg til fakultetsstyret, eller fakultetsrådet, som den den gong heitte.
- Desse vart lagt ut her i fjerde etasje i HF-bygget, og så kunne ein lesa og diskutera, seier Haugen, og legg til:
- Ja, før dette igjen vart sakkunnigvurderingar til professorat faktisk trykt i universitetet si årbok.
Sterkt kritisk
Bakteppet for Haugen si uro er den pågåande tilsetjingssaka ved det instituttet der han er professor, som no heiter Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Haugen tok kontakt med instituttleiar for å høyra om han hadde krav på å få sjå den sakkunnige vurderinga, som På Høyden har skrive om.
- På dette punktet hadde eg nok sove i timen, for sakkunnige innstillingar er no offentleg tilgjengelege frå dokumentsenteret når søkjarane har fått dei. Det er vel og bra, men den siste og avgjerande innstillinga, den instituttleiaren gjer etter at kandidatane har vore til intervju og prøveførelesing, er hemmeleg. Ikkje eingong søkjarane får lesa denne. Det trur eg ikkje er tenleg, dette fører mellom anna til at ein ikkje får vita noko om kvifor ein kandidat rykkjer opp eller ned i forhold til det komiteen meinte, seier Haugen.
I den aktuelle stillinga ved LLE er det no berre ein av tre søkjarar att. Komiteen konkluderte med at den eine søkjaren ikkje er kvalifisert for stillinga. Søkjaren som var sett på andreplass, har trekt søknaden sin. Ho skriv i ein epost til På Høyden at ho gjorde det på grunn av manglande tillit til tilsettingsprosessen. Bakgrunnen er at ho vart kalla inn til prøveførelesing og intervju utan at merknadane ho og ein av dei andre søkjarane kom med var handsama av instituttet. Til På Høyden sa både dekan Jørgen Sejersted og instituttleiar Anders Fagerjord at prosessen ville gå sin gang.
Haugen har kommentert saka hos På Høyden, saman med professor emerita Else M

































































































