Den aktuelle rapporten - ein spesialrapport om kva konsekvensar global oppvarming på 1,5 grader vil ha - kan sjølvsagt omtalast som endå ein vekkar.
Nokre liner i rapporten
Rapporten fortel at klimagassutsleppa må reduserast med 45 prosent innan 2030 for å nå målet i Paris-avtala. Den syner også at to graders oppvarming vil gje betydeleg auka risiko for alvorlege konsekvensar for natur, menneske og samfunn.
Eg reknar i grunnen ikkje med at du har lese han. Berre det å bla litt i han, og lesa ein del artiklar som samanfatta innhaldet, var nok til at klimapessimismen seig inn over meg, og nok til at det var meir freistande å finna fram lesestoff som er sunnare for mi mentale helse: Teikneseriar, altså.
Men her om dagen las eg endå ein artikkel. Den var verken særleg grundig eller særleg god, men den peika meg til nokre liner i rapporten det er verdt å dvela næra


































































































