Eg skal la prinsipielle sider ved «Plan S» liggje (det har tungvektarar som Hans Petter Graver og Kristian Gundersen diskutert godt allereie), men det er på sin plass å seie nokre ord om korleis tidsskrift oppnår status. Det er i grunn litt absurd at det skal vere naudsynt, men openbart er det ein del aktørar i debatten som trur at ein kan oppheve rangering av tidsskrift med administrative vedtak.
Innan mitt felt, samfunnsøkonomi, er det fem tidsskrift som skil seg ut som dei aller mest prestisjefylte. Desse publiserar den viktigaste, mest originale og mest banebrytande forskinga, og er staden dei flinkaste sender sine beste arbeid for vurdering. Stort sett får sjølv desse avslag, for «top 5» er ekstremt kresne, og dei fleste går gjennom karriera utan å nokonsinne publisere der.
Vidare går turen nedover, ofte til dei beste «felt-tidsskrifta». Desse er spissa mot spesielt interesserte innan spesifikke underfelt, og aksepterar ofte ting som er intenst interessant for nokon, men ikkje allti


































































































