Laila meiner det er hårreisande å ville flytte abortgrensa heilt til veke 24.
- Vi bergar jo barn allereie i veke 22, seier barnepleiaren.
Pappa Daljit Singh rettar på luene og småpratar med dei to småjentene. Dei er ikkje lengre enn ein vaksen underarm og veg fem kilo til saman. Dei ligg i den vesle dobbeltsenga, eit trygt lite reir for nyfødde.
Barnepleiar Laila Bøthun står ved sida og ser på. Med hendene på ryggen. Jobben hennar er mellom anna å observere, støtte og vegleie nybakte foreldre.
- Det er først og fremst pappa som skal bli kjent med barnet og trygg på si nye rolle som forelder. Mi oppgåve er å støtte og vegleie, seier Laila. Innimellom nikkar ho anerkjennande til faren og gjev råd når han lurer på noko.
Dei to jentene på stellebordet er blant dei store babyane på intensivavdelinga for nyfødde på Barnesenteret ved Ullevål sjukehus i Oslo. Dei kom til verda ved keisarsnitt etter litt over 36 veker, om lag fire veker før termin.
Klamrar seg til livet
På Barnesenteret er dei aller minste kanskje dei aller største mirakla. Laila fortel at det blir fødd fleire og fleire barn som veks opp og klarer seg fint etter 24 vekers svangerskap.
- Dei er sterke sjølv om dei er små, og vi ser at dei klamrar seg til livet, fortel ho.
Barnepleiaren syns difor det er skummelt at fleire ungdomspolitikarar no tek til orde for å utvide grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 eller 24 veker.
- Hårreisande. Vi bergar jo barn allereie i veke 22, seier ho.
Fagleg leiar i Norsk nyfødtmedisinsk n


































































































