Norsk Skogbruk
28.09.2018
Svein Eggen, seniorrådgjevar i Gassnova og Climit, har ikkje forstått det eg skreiv om fotosyntesen i nr 6 av Norsk Skogbruk.
Han skriv at eg «fremstiller naturens rolle i karbonfangst og lagring på en gal måte.» Så skriv han: «Det er riktig at naturen hvert år binder store mengder CO2 - men det hører med til dette at omtrent den samme mengden CO2 slippes ut hvert år gjennom forråtnelse og åndedrett.» Den utheva delen av teksten står for ei grov undervurdering av den netto bindinga som i dag skjer i naturen.
I min artikkel var det presisert at alle tal eg brukar gjeld netto binding av CO2. Det vil seia at utslepp knytt til «forråtnelse og åndedrett» er trekt frå.
Desse tala for netto karbonbinding i landjorda sin biosfære er i dag så høge at Svein Eggen og andre som arbeider med teknisk CCS knapt fattar det.
Gå til medietI min artikkel var det presisert at alle tal eg brukar gjeld netto binding av CO2. Det vil seia at utslepp knytt til «forråtnelse og åndedrett» er trekt frå.
Desse tala for netto karbonbinding i landjorda sin biosfære er i dag så høge at Svein Eggen og andre som arbeider med teknisk CCS knapt fattar det.


































































































