Denne særavtala har satsar for kva du skal ha igjen om du reiser i jobben og har udokumenterte utgifter for mat og drikke.
Satsane gjeld for tilsette i staten. Men også mange private bedrifter bruker desse satsane for å betale ut kostgodtgjering.
Dette er statens satsar
Om du reiser innanlands, over 15 kilometer og reisa varer meir enn 6 timar, får du dekt mat og drikke etter desse satsane:
* reiser over 12 timar med overnatting: 754 kroner (auke på 21 kroner frå i fjor)
* reiser fra og med 6 timar til og med 12 timar: 297 kroner (auke på 8 kroner frå i fjor)
* reiser over 12 timar utan overnatting: 552 kroner (auke på 15 kroner frå i fjor)
* Reiser som varer ut over heile døgn blir dekt etter ein av dei to satsane over
(Om ein får påspandert måltid, må ein trekke frå: 20 prosent for frukost, 30 prosent for lønsj eller 50 prosent for middag.)


































































































