Arkitektur N
11.09.2018
Kaizersplassen er ei verdifull opprusting av eit neglisjert areal i Bryne sentrum, og utforminga står definitivt i stil med bandet som gir plassen namn.
Oljefat, golv av betong, stålamper og forbløffande lysdesign - ingen tvil om at den nye Kaizersplassen på Bryne er veldig i tråd med Kaizers Orchestra-universet som den er kalla opp etter, og som alltid har vore «larger than life». I alle fall større enn kvardagslivet på Bryne, der dei to låtskrivarane Janove Ottesen og Geir Zahl veks opp på slutten av førre tusenår, i likskap med underteikna.
Plysj og maskineri Slik sett er det heilt passande at Kaizersplassen har blitt langt meir enn ein plass. Det er eit fleksibelt torg som buktar seg rundt i det historiske møllemiljøet midt på Bryne. Den eine delen av plassen strekk seg ut mot Reevegen, den trauste trafikkåra som i årevis har splitta sentrum i to. No kan fotgjengarar enkelt ta seg over frå møllesida til Storgata, takka vere det nye bygolvet som ekspanderer frå Kaizersplassen.
Dimensjon Rådgivning AS (som nyleg blei kjøpt opp av Sweco) har hatt det overordna ansvaret for utforminga, med landskapsarkitekt Astrid Norland som prosjektleiar. Konseptet er nøye basert på velkjende komponentar frå scenedesignen til Kaizers Orchestra, som dei nemnde olje
fata og stålampene. Ein Chesterfield-sofa i betong er eit anna element som speler direkte på «plysj- og maskineri-estetikken» til Kaizers.
Plysjen til trass: Det er langt fleire harde
enn mjuke innslag på plassen, som har forholdsvis lite vegetasjon. Det går i stein, stål og betong, i tråd med den industrielle rolla denne plassen har hatt gjennom Bryne-historia. Forholdet til møllearkitekturen har openbert vore viktig i designprosessen. Den ikoniske møllebygningen frå 1929 blir
fint ramma inn av den nye plassen, som
understøtter det viktige lokale minnesmerket gjennom harmoniserande farge- og materialval. Ein levegg i betong gir ly for den nådelause jærvinden og vitnar om at dei lokale naturkreftene også er tenkt inn i konseptet.
Påkosta lysdesign Medan grunnkomponentane er tunge og solide, med eit hint av plysj, er bidraga til lysdesignarane Halvor Næss og Marlin Martinsen frå HNBD AS desto meir sprelske. I samarbeid med lysentreprenøren Lys
Gå til medietPlysj og maskineri Slik sett er det heilt passande at Kaizersplassen har blitt langt meir enn ein plass. Det er eit fleksibelt torg som buktar seg rundt i det historiske møllemiljøet midt på Bryne. Den eine delen av plassen strekk seg ut mot Reevegen, den trauste trafikkåra som i årevis har splitta sentrum i to. No kan fotgjengarar enkelt ta seg over frå møllesida til Storgata, takka vere det nye bygolvet som ekspanderer frå Kaizersplassen.