Khrono
27.08.2018
Utveksling. Eg heiar på internasjonalisering som ein viktig strategi for å utdanne aktive og ansvarlege samfunnsborgarar, men ikkje for einkvar pris, skriv Irina Pavlova.
Eg heiar på internasjonalisering som ein viktig strategi for å utdanne aktive og ansvarlege samfunnsborgarar, men ikkje for einkvar pris.
Les merStortingsmeldinga om kvalitet for høgare utdanning frå 2017 slår fast at ulike formar for internasjonalisering er ei føresetnad for kvalitet. Internasjonalisering kan bety inkludering av internasjonal pensumlitteratur, diskusjon av globale forhold, invitasjon av utanlandske førelesarar, men kanskje viktigast av alt studentutveksling. Den interkulturelle kompetansen og -forståinga blir ofte trekt fram som nokre av dei viktigaste eigenskapane ungdommane treng for å handtere dei komande globale samfunnsutfordringane.
Regjeringa ønskjer at


































































































