Khrono
17.08.2018
Språk. Denne veka har vore fadderveka til komande studentar - både dei som skriv bokmål og dei som skriv nynorsk.
Kva språklege rettar norske studentar har, kjem i stor grad an på om dei har vald ein statleg eller ein privat utdanningsinstitusjon.
Les merResultatet av dagens politikk er at det er kjipare å vera nynorskstudent på private høgskular. Kvifor skal det vera slik?
I dag har norske studentar eit knippe viktige språklege rettar - viss dei vel å gå på statlege høgskular og universitet. Studentane har rett på eksamen, skjema og vitnemål på eige språk, og utdanningsinstitusjonen skal svare studenten på studenten sitt språk. Dessutan skal utdanningsinstitusjonane nytta minst 25 prosent av k


































































































