Fagbladet
10.08.2018
Helseminister Bent Høie (H) meiner foreldre vil spare pengar på at staten kuttar 100 millionar i offentleg støtte til tannregulering. Merkeleg argument, meiner venstresida.
Helseministeren seier til Stavanger Aftenblad at han skal ta ei endeleg avgjering før statsbudsjettet blir lagt fram 8. oktober.
Les mer- Eit viktig omsyn er at dagens system faktisk legg press på foreldre, mange av dei med dårleg råd, til å betale for kostbar tannregulering for barnet sitt. Ifølge Helsedirektoratet er svært mykje av denne behandlinga ikkje nødvendig av medisinske grunnar, berre av kosmetiske, seier Høie til avisa.
Han viser dessutan til at Sverige og Danmark ikkje gir støtte til tannregulering.
Kutt for dei med «klart behov»
Det er snakk om å kutte støtta til den såkalla gruppe c. Dette er dei som har «klart behov» for tannregulering, til forskjell frå gruppe b og


































































































