Khrono
25.06.2018
Arbeidsplass. Kontoret er mi eiga vesle hole, min tilfluktsstad, staden der eg kan tenkje og produsere forsking, skriv førsteamanuensis Arnt Ove Hopland ved NHH.
Debatten om «framtidas arbeidsplassar» for forskarar har i altfor lita grad handla om kva forskarar gjer. På eine sida har vi ein kommunikasjonsdirektør som skisserar konsulentens lukkelege liv i landskap, og på den andre gode kollegaer som snakkar om at vi mistar kontakta med studentane om vi må sitje i landskap.
Les merProblemet med studentargumentet er at det framstiller oss som lærarar, og lærarar har jo som kjend berre ein liten pult i eit ope landskap og klarar seg tilsynelatande heilt fint.
Men eg er ingen lærar, eg er ein forskar. Jovisst må eg ned i auditoriet og halde preike nokre dobbelttimar per semester, men utover det er kontakta med studentar avgrensa og i all hovudsak på epost.
Poenget er at eit kontor er heilt perfekt som «aktivitets-basert arbeidsstad». Arnt Ove Hopland Førsteamanuensis, NHH
Lat meg skissere korleis eit par ikkje heilt uvanlege arbeidsdagar kan sjå


































































































