Fagbladet
18.06.2018
I ei kvit postkasse ligg lappar med ris og ros. På Førde helsetun skal også dei pårørande bli sett og høyrt.
E g syns dei skal ha meir kjeks og kakar til pårørande.»
Det er no meininga til sjuåringen som var på besøk.
- Ho har skjønt poenget med postkassa, smiler Hege R.
Gjersvoll, sjukepleiar og fagleiar på Førde helsetun.
RIS OG ROS
Postkassa med teksten «Ris og ros» er eitt av fleire tiltak dei tilsette no prøver ut på sjukeheimen. Alle pårørande blir inviterte til å seie si ærlege meining om korleis dei sjølv og deira kjære har det på Førde helsetun.
- Vi har fått mange lappar med ros, nokre med ris og ein som førte til avviksmelding, fortel Una Holmelid, sjukepleiar og leiar på langtidseininga.
HELD PÅ STILEN
Ofte reagerer dei pårørande på noko som for andre verkar lite, men som er viktige for dei.
- Difor prøver vi å ta alle signal frå pårørande på alvor, seier Gunnvor Solheim Hjelkrem, leiar på skjerma eining.
Det er til dømes inga sjølvfølge at pleiarane steller pasienten nett slik han eller ho pla gjere. Men pårørande kan legge merke til om til dømes hårskiljet er på feil side. For at pasienten skal få halde på stilen, hender det at pårørande tek med eit bilete av han eller henne. Det er særleg nyttig når pasienten ikkje sjølv kan seie ifrå om eigne ønskjer.
FRÅ GOD
Gå til medietDet er no meininga til sjuåringen som var på besøk.