Sidan dei fleste rektorar deltok på reisa lurte Khrono på kvifor eg ikkje deltok. Det kort svaret mitt er sitert i Khrono (her omsett tilbake til nynorsk):
«Vi er ein spissa og profilert høgskule og våre fagområde var i liten grad tema på denne turen. Viss akademisk fridom, ytringsfridom og minoritetsspråk blir tema for seinere turar skal vi vurdere å bli med».
Vi er ein spissa og profilert høgskule og våre fagområde var i liten grad tema på denne turen. Viss akademisk fridom, ytringsfridom og minoritetsspråk blir tema for seinere turar skal vi vurdere å bli med. Johann Roppen Rektor, Høgskulen i Volda
Eg har fått fleire positive kommentarar frå tilsette og leiarar på Høgskulen i Volda (HVO) for denne korte kommentaren, og gjennomgangsmelodien var at de


































































































