barnehage.no
18.03.2018
Korleis vil me klare å få bukt med mobbeproblematikken, når politikarane som styrer landet mobbar og krenkar på sosiale medier, på TV og i stortingssalen?" spør Anette Lauareid Hovda.
I desse dagar er det artikkel på artikkel om pedagogtetthet og grunnbemanning. Barnehagar over heile landet deler sine kvardagslege utfordringar over å kome til kort med pedagogiske planar, oppfølging av barn, kontakt med foreldre, m.m.
Les merEg les artiklane med stor interresse, og kjenner meg audmjuk og glad for at det fins så mange engasjerte barnehagetilsette, barnehageleiarar og barnehagegrunderar her i landet. Barna våre fortjener dette engasjemanget. Dei treng vår stemme.
Håp om å bli høyrt
Desse artiklane er ein bønn til politikarane. Eg opplever at alle barnehagane har eit håp om å bli høyrt, forstått og møtt på våre behov for å kunne gi det viktigaste me har i dette samfunnet, nemleg barna våre, ein god, omsorgsfull, trygg og lærerik kvardag.
Eg kjenner meg trygg på at kvaliteten me leverer i vår barnehage er god. Med tilsette som verkeleg evnar å møte barna der dei er, tar dei p

































































































