Skal vi få denne diskusjonen på rett kjøl, trur eg vi treng eit meir innhalds- og implikasjons-rikt grep om kva akademisk verksemd er, og kva «akademi-sering» bør vere. Oddgeir Osland Leiar, Senter for profesjonsstudier, OsloMet
Då bør vi etter mitt syn starte med å legge bak oss den utvendige diskusjonen om «akademisering» og «akademisk drift» som har følgt i kjølvatnet av universitetsstrategiane. Denne utvendige diskusjonen er prega av ei forståing av «akademisering» som omhandlar ytre institusjonelle krav om forskingskompetanse og publisering. Og kritikarane fremjar ein (udokumentert) påstand om at slike krav medfører at dei fagtilsette vender ryggen til praksisfeltet og rettar blikket mot forskingskarrierar og problemstillingar av liten interesse for utdanningane.
Skal vi få denne diskusjonen på rett kjøl, trur eg vi treng eit meir innhalds- og implikasjonsrikt grep om kva akademisk verksemd er, og kva «akademisering» bør vere. Eg foreslår at vi i denne samanhengen meiner følgjande med akademisk utvikling:
a) styrking av det vitskaplege kunnskapsgrunnlaget for utdanning og yrkesutøving og
b) institusjonalisering av akademiske normer i utdannings- og yrkesfelt. Eg siktar her til relativt allment anerkjente akademiske normer om
klar, transparent og etterprøveleg argumentasjon og undersøkingsmetodikk
prosedyrar for eksponering for kritikk både frå fagfellar og frå ei breiare offentlegheit
analytisk distanse til og refleksjon over eiga forsking, utdanning og yrkesutøving
Vidare bør vi knyte diskusjonen om akademisk utvikling av profesjonsfag (som lærar-, ingeniør-, sjukepleiar- og sosialarbeidarutdanningane) til det det særeigne ved kunnskapsbasen deira. Denne kunnskapsbasen er mangfaldig - han består av teoretiske og forskingsmessige bidrag frå ei rad disipliner.
Brukar vi sjukepleie som døme handlar det mellom anna om anatomi, farmakologi, psy


































































































